Magne Rydland (bildet) sendte mail til Vegard Nordby etter at han først hadde ringt Nordby. I mailen fra Rydland var følgende å lese:

 

"Hei Vegard!

Det var triveleg å snakka med deg etter avisoppslaget i dag. Eg vart engasjert av Oddbjørn Ervik til å vera med og etablera Mjøsteam, Morgendagens Mestere, tidleg på 2000-tallet! Eg jobba med sponsing, men og med marknadsføring. Slik kom eg inn på dette med logo. Logoen er teikna ut av ein kar i HA, fargane på den første drakta var Norsk Tipping sine fargar fordi dei var ein av hovudsponsorane. No gler eg meg over at Mjøsteam har vakna til liv att! I 2002 gav eg avkall på ein betydeleg del av dei midlane seg skulle ha som inntekt frå sponsorarbeidet, og gav til HIL og Mjøsteam. På notaen står det "Gåvemedlemskap for X år"! Formelt sett er det aldri vorte realisert, men gleda over at Mjøsteam er sterkare enn nokon gong er langt større! Flott at Pål står på! Han har eg kjent frå han var ein smågutt!

 

 

Helsing

Magne Rydland